Skype 3.8 - siste versjonNorsk språkfil for
Skype 3.8 
finn du
her.
Fullstendig informasjon 
om nedlasting og installering av
Skype 3.8 og tilsvarande språkfil, finn du her
her Mvh
Skypesbear
Norsk Skype-omsetjar
Norwegian Nynorsk Skype Translator
-------------------------------------------------------------------------------------
Hei
Heiter det ikkje ringjer [ringer]
F.eks ringjelyd og ikkje ringelyd?
Hei KAML
Takk for at du bruker Skype på norsk (nn).
Jau, som hovudform heiter det
ringjer og
ringjelyd.
Statstilsette og lærebokforfattarar er pålagde å bruke hovudformer. Andre er ikkje bundne av dette og kan difor skrive både
ringjelyd og
ringelyd.
Ved ein kjapp gjennomgang ser eg at eg har brukt hovudform med
j i verba og sideform utan
j i substantiva og samansetjingane (med unnatak av ein stad der eg har brukt verbet som ei sideform utan j). Eg skal rette det opp i neste versjon slik at det konsekvent vert ringje med j i verba i alle fall.
Mvh
Skypesbear